Og isen var deg

Eg gjekk utpå isen for fyrste gong
hadde aldri turt gjere det før
då eg nådde midten
sklei eg, fall og slo meg hardt
så sprakk isen under meg
og eg gjekk gjennom
med hovudet først
isen lukka seg over meg
og eg blei omslutta av iskaldt vatn
eg blei lamma, eg drukna, eg sank
eg sank eg sank eg sank
berre mørker der nede, på botnen
av deg