Tredje kapittel: Oslo

Hausten er komen. Eg såg det på himmelen si farge då eg vakna, han var klarare, blåare. Eg såg det på sola då eg åt frukost, ho låg lavare, var raudare. Eg tok det nye skjerfet mitt på og gjekk ut, lufta var skarpare, kaldare. Gjennom vindauget på 37-bussen såg eg eit tre som hadde fått fem gule blader.

Og sjølv om byen og folka og gatene er ukjente, så kjennes det rett, dette. Vinden riv ikkje blada som fell frå trea med seg i ein evig dans, som i Molde, og regnet renn ikkje i djupe elver langs rennesteinen, som i Bergen, men hausten er lik seg, og eg er lik meg, også her.

Eg skriv meg inn i ei historie som ingen enno kjenner utfallet av. Kor mange nachspiel skal eg ende opp på, og kor mange av dei skal eg sovne på? Kor mange skal eg kysse, og kor mange av dei skal eg aldri sjå att? Kor mange koppar kaffi skal eg kjøpe, og kor mange av dei på deli? Kor mange førelesingar skal eg skippe, og kor mange av dei fordi eg er fyllesjuk? Kor mange armkrokar skal eg liggje i, og kor mange av dei skal eg ynskje meg vekk frå? Kor mange øl skal eg kjøpe, og kor mange av dei skal koste under 70 kroner? Kor mange konsertar skal eg gå på, og kor mange av dei skal eg ha ei hand å halde i under? Kor mange netter skal eg ikkje sove aleine, og kor mange av dei skal eg dele med ei(n) eg har lengta lengta lengta etter?

Det einaste eg veit er at kapittel tre byrjar her, med hausten og meg, i Oslo, no.

Advertisements

5 kommentarer om “Tredje kapittel: Oslo

  1. takk for hvordan du klarer å fange følelsen av å være ung og undrende og usikker og sår på en måte som gjør at jeg føler meg mindre alene. er så glad for at du har det bra. du skriver jævla vakkert.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s