Eg, ho som grin når ho er i bakrus fordi verda er så uuthaldeleg vakker

Det er tidlig juli og ute blir det aldri mørkt. Eg flyg hundre meter over bakken på veg heim frå nachspiel klokka 14, fyllenervane mine er laga av rosemalt porselen og alle kjenslene i verda ligg tjukt like under huda på meg. I veska mi ligg brysthaldaren min, den er raud og gjennomvåt og eg er ein fugl. Eg er ein fugl og eg er fri fri fri, eg trong ti år på å forstå det, på å lære meg å elske det, elske meg. Eg treng ingen andre halvdel, for eg har meg og eg har bestisen min, eg er heil og komplett, og verda er mi om eg vil. Eg vil, eg vil.

Dei kallar henne ‘walk of shame’, vandringa mi, men i meg fins inga skam. I meg fins berre denne enorme gleda over å vere Sunniva, over å vere her, i livet, ung og dum og klin kanakas galen. Eg fiksar ikkje dette med hemningar eller måtehald, men slik fiksar eg livet. Eg er ein klisjè frå helvete og eg trur alle hadde hatt godt av å vere litt meir som meg; av å gi litt meir faen, sjanse litt meir, leve litt meir. Elske seg sjølve litt meir.

Medan eg går, diskuterer eg fram og tilbake med meg sjølve om eg skal orke å gå innom Kjøkkensjefens for ein pizza. Bestemmer meg til slutt for å gjere det, eit stopp innom mamma for å hente headsetet mitt blir del av plana. Når eg kjem inn døra fyller lukta av nysteikte kanelbollar heimen min, blomkålsuppe med bacon har nett blitt servert på verandaen. Eg kunne fløge viare om eg ønska, for eg er ein fugl og ingen i heile verda kan halde meg tilbake, men akkurat no vil eg vere akkurat her. Eg set meg til nydekka bord.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s