Opne

Men kjære,
opne døra, då
og slepp meg inn
inn dit kor ingen andre har vore
eg vil stryke fingrane varsamt langs alle gjenstandane
og utforske alt som finns der inne
eg vil gå meg vill i korridorane, på kotta, i rotet
og aldri finne vegen ut att
så opne døra, kjære
og slepp meg inn
inn i dine inste rom