kameleondans

Dei halvtomme ølglasa, paret som let lepper møte kvarandre, som let behovet for å utveksle spytt bli tilfredsstilt, i lokalet som er så alt for høgt under taket. Dei blir kameleonar når lyskastarane skrus på og diskokula i taket byrjar surre snurre danse. Grønt, blått, gult, alt og alle endrar farge samstundes, harmoni og helvete. Det er trongt og tett og klamt, eg banar meg veg gjennom folkemengda, men ingen ser ut til å bry seg om at eg må forbi og ut. Skal ikkje heim, skal ikkje treffe nokon, skal ingen plass. Eg er her aleine, eg har ingen å gå til, eg har ingen grunn til å forlate dette. Men eg må forbi og ut.

Dultar i den eine, skubbar i den andre, blir tatt tak i av den tredje. «Du!» seier han, og faen tenker eg, faen og unnskyld. «Du  luktar akkurat som henne eg er keen på». Eg ser på han, djupt og lenge, stirrar hol i trynet hans. «Ja vel», spyttar eg  monotont gjennom holet og går vidare. Det surrar og snurrar, rundt meg dansar dei, eg snublar. Aldri har nokon sagt det same om lukta av meg. Eg, ho som er på veg forbi og ut, vekk.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s