Ting eg har lese om i det siste: den industrielle revolusjonen, kvinnebevegelsen, hippiegenerasjonen

Eg tenkjer stort sett på om generasjonen min vil bli hugsa for noko anna enn hashtagsta vi merka bilete av salatar og megmegmeg i kompresjonstights på treningssenteret med. #sk14. Eg tenkjer på om vi vil bli hugsa for noko anna enn tala på anorektiske og deprimerte som skaut til himmels samstundes som vi gav oss hen til dei sosiale mediene, dyrkinga av imaget og det uekte sjølvet. Vi er testgenerasjonen, ingen veit kor dette vil ende, seier vi, sjølv om vi kanskje veit det likevel. Kva vil det stå om oss i historiebøkene? Kva namn skal vi gi denne revolusjonen, denne generasjonen?

(Historieprøve, kapittel 13, den teknologiske(kanskje) revolusjonen
Elev: ???? Hellwig, klasse 3C
25.02.2114

Spørsmål 1: Grei ut om den teknologiske revolusjonen, legg særleg vekt på bruken av sosiale medier og konsekvensene den fekk.)

Kva står vi saman om, kva kjempar vi for, korleis skal vi bli hugsa ?

Advertisements